Skoliose
Skoliosetreff
Skoliosetreffet 2009
Skoliosetreffet 2009
Årets skoliosetreff var denne gongen lagt til Høgskolen i Oslo. På ein elles regntung dag, fann ca 40 personar vegen til treffet og til eit variert program. Deltakarane kom frå ulike delar av landet: frå Troms i nord, Kristiansund på Nord-Vestlandet og Bergen i vest, frå Risør i sør, frå Lillehammer, Hamar, Kongsberg, Fredrikstad og fleire andre stader på Austlandet.
Tekst: Gerd Bjørke
Tidligere publisert i Ryggstøtten 2009 nr 2/3
Leiar i skoliosegruppa, Lisa Skaret, ønskte velkommen til det 5. skoliosetreffet, og poengterte Skoliosenettverket sin plass innan Ryggforeningen i Norge. I dag er dette nettverket ei av dei mest aktive gruppene her.
Lisa orienterte om aktuelle saker, bl.a. kontakt med statssekretær Rigmor Aaserud vedrørande ”kronikarsaka” og spørsmål retta til til dr. Brox ved Rikshospitalet om fagleg støtte til å styrkje fysioterapitilbod for skolioseramma. Ønskjet om eit møte med sjefslegen ved Rikshospitalet vart ikkje innfridd, men skoliosegruppa fekk derimot eit solid skriftleg svar. Dr. Brox erkjenner at konservativ behandling (fysioterapi) av skoliose ikkje har den same plass i Norge som f. eks. i sentral-Europa. Det blir no planlagt eit kurs eller møte mellom legar og fysioterapeutar for å drøfte skoliosebehandling her i landet. Eit hinder for best mogeleg behandlingstilbod er også at norske fysioterapeutar i dag har for lite kunnskap om konservativ skoliosebehandling.
Arild Rugsveen orienterte om ungdomstreffet som no blir planlagt til hausten. Skoliosegruppa har fått likemannsmidlar til treffet. Treffet blir truleg lagt til det sentrale Austlands-området, med ei overnatting, og elles lagt opp til aktivitetar som kan engasjere ungdom. Det vil gå ut meir informasjon om treffet til skoliosenettverket, når detaljane er klarlagde.
Gerd Bjørke orienterte om ei bok om skoliose som no er oversatt til norsk: ”Jeg har skoliose”, skriven av dr. Hans-Rudolf Weiss, tidligare leiar av Asklepios Katharina-Schroth-klinikken i Bad Sobernheim, Tyskland. (www.skoliose.com). Boka er ein veileder for skolioseramma, pårørande og terapeutar, og er informativ når det gjeld beskrivelse av kva skoliose er og ulike behandlingsmåtar. Den inneheld også forteljingar frå skolioseramma, som deler sine erfaringar om behandlingstilbod dei har gjennomgått. Boka kan skaffast gjennom Skoliosegruppa. (Se også melding og kjøpsinformasjon annan plass i dette bladet.)
Å takle smerter
Hovedinnleiinga var ved leiaren av Ryggforeningen, Per Reidar Starås, som snakka om å takle smerter. Han delte sine eigne erfaringar frå eit liv med store ryggsmerter og operasjonar. Hans bodskap til andre i same situasjon var å stole på eigne opplevingar av ryggvondt og å velge aktivitetar som var mogeleg å gjere. Mange ”vondter” sit i hovudet, meinte han, som resultat av at nokon har gitt deg ein diagnose. T.d. så betyr diagnosen ”lumbago” ikkje noko anna enn ”smerter i korsryggen”. Ved å kjenne etter kva ein sjølv greier og å innrette seg slik at ein nyttar det som er mogeleg, særleg dei ”gode dagane”, kan ein meistre smerter og nedsatt funksjon på ein langt betre måte. Smerter kan døyvast med medisinar, men effekten varer ofte ikkje så lenge. Det er ein sjølv som veit best kva og kor mykje ein kan greie. Smertene kan forandre seg frå dag til dag, og smerter blir opplevde ulikt frå person til person.
Per Reidar viste til korleis smertetilstandar kan bli ein vond sirkel, der ein går frå frustrasjon, via angst, redsle for arbeidssituasjonen, bekymringar til at ein trekkjer seg unna og blir mindre sosial. Spørsmålet er korleis ein greier å bryte denne sirkelen. Det finst mange ulike behandlingsformer, med hjelp frå f. eks. fysioterapeutar, kiropraktorar, naprapatar. Ryggforeningen i Norge støttar all behandling som kan hjelpe den enkelte vidare. Per Reidar gav også konkrete råd når det er som verst:
- forsett: i veka som kjem vil eg gjere noko som eg ønskjer meg
- beslutning: ja, det gjer eg
- plan: når gjer eg det?
Det gjeld om å finne sin måte, sin eigen veg for å byggje seg opp.
Per Reidar viste til at Ryggforeningen i Norge i dag har 1261 medlemmer. Dette kunne nok ha vore mange fleire. Skoliosenettverket er ei aktiv diagnosegruppe, og kan vere eit mønster for andre diagnosar som endå ikkje har etablert seg innafor Ryggforeningen i Norge.
Slyngetrening
Fysioterapeut Tone Eikedalen, frå firmaet Redcord Clinic, gjorde så greie for prinsippa og bruken av slyngetrening. Trening i slynger gjer at kroppen må stabilisere samtidig som du gjer styrkeøvingar. Slik trenar ein muskelsamspillet, helt frå dei innerste, små støttemusklane til dei store, synlege musklane. Dette er det vi kaller funksjonell styrke. Ei økt på berre 10 min dagleg kan i mange tilfelle vere nok til å gi oppsiktsvekkjande gode resultat. Ved smertetilstandar er det ofte slik at nokre musklar blir inaktive ( og det blir nedsatt signalstraum frå hjernen), medan andre musklar då må overta og blir overbelasta. Resultatet er ofte stiv og smertefull muskulatur. Ved slyngetrening prøver ein å oppretta balansen att, slik at også dei musklane som er inaktive får auka signal frå hjernen, og kan fungere optimalt igjen.
Slyngetrening i Redcord er:
- Lett å tilpasse alle treningsnivå - frå enkel mosjon til toppidrett
- Veldig tidseffektivt - betre resultat på kortare tid!
- God trening for alle, uansett alder og fysisk form
Etter operasjonar kan det t.d. vere viktig å avlaste for å kunne utføre bevegelsar.
Kvar enkelt pasient går gjennom ei individuell undersøking av fysioterapeut, for å kartleggje svake i musklar. Det blir så sett opp eit treningsprogram med slynger. Ved å leggje beinet eller kroppen i slynger skapar ein ustabilitet som gjer at det må sendast fleire signal til hjernen, som dermed vil påverke fleire av musklane. Det blir særleg lagt vekt på å stimulere samspillet mellom dei djupe (lokale) musklane og dei ytre (globale) musklane.
Mange skaffer seg slynger sjølv, slik at dei kan trene heime, gjerne i kombinasjon med trening under veiledning ved klinikken.
Slyngetrening blir mellom anna utført i eit apparat kalla ”Redcord trainer”, som tidlegare vart kalla ”Terapimaster”. ”Neurac” er ei behandlingsform innafor Redcord som prøver å oppnå samspill og balanse i muskulaturen. Systemet har blitt utvikla av fysioterapeutar og legar i Norge, og har vore i bruk sidan 1991. Behandlingsmåten byggjer på forsking og klinisk erfaring. Prinsippet er nevromuskulær stimulering gjennom visse øvingar, og at den hjerneaktiviteten som då blir sett i gong bidrar til å skape betre balanse i muskulaturen.
Pilates-trening
Fysioterapeut Anne Mari Flatin fortalde om Pilates-trening, eller ”Fysio-Pilates”, som er ei tilpassa form. Pilates er ein mellomting mellom yoga og styrke- eller stabilitetstrening, der siktemålet er å skape samarbeid mellom dei korte og lange musklane, for å skape betre harmoni og balanse i kroppen, slik at den toler påkjenningar både fysisk og psykisk. Pilates øvingane blir gjennomførte på matte, i apparat eller med hjelpemidlar som ball, strikk eller balansepøller. Øvingane aktiviserer mange musklar samtidig, og har ein koordinerande effekt, dvs dei svake musklane blir styrkte og dei korte og anspente musklane blir meir bevegelege. Dette kan gi ein meir harmonisk og balansert kropp. Det blir særleg lagt vekt på å trene dei små og djupe muskelgruppene.
Pilates-trening er oppkalla etter ”oppfinnaren”, Josef Pilates. Han studerte zen-buddhisme og yoga, og kombinerte dette med den tyske gymnastikkforma, som fanst på 1800-tallet, då han levde. Pilates, som kom frå Tyskland, flytta etter kvart til USA. Treningsmetoden hans vart brukt i dansemiljø, og vart etter kvart kjent utover heile verda.
Stavgang
Stavgang har etter kvart blitt ein populær treningsform, som er 30-40 % meir effektiv enn vanleig gange – når teknikken blir utført riktig. Ved å bruke stavar kan ein ved trening 2-3 økter a 45 min pr veke auke monaleg oksygenopptaket (utholdenheten) i muskulaturen. Det er her dei store muskelgruppene i bein og arma blir brukte, og ein kan få god styrketrening. Stavgang kan tilpassast alle, frå det å bruke stavane som støtte til det å bruke stavane til ”elghufs” – spretten skigange. Trening bør gjennomførast i ”snakketempo” for å gi best effekt.
Det er viktig at stavane har riktig høgd, dvs. når du held staven skal albuleddet vere i 90 grader. Det finst ulike stavtypar, men det er viktig å bruke gangstavar, ikkje skistavar til stavgang. Handreima gjer at ein kan slappe av i handleddet etter kvart stavtak, fordi staven heng på plass. Ved stavgang går ein med lange steg, strekkjer godt ut både i armar og bein, går framoverlent og med diagonale bevegelsar. Sjå meir om stavgang under www.aktivlivsstil.no.
Så var det praktisk demonstrasjon og utprøving
Etter eit godt måltid mat, samla deltakarane seg i to grupper, der det vart rigga opp med slyngeutstyr og matter, og der det vart demonstrert og prøvd ut med både slyngetrening, pilates og stavgang.
Oppsummert
Dette var eit skoliosetreff som var nyttig for deltakarane, om vi skulle tolke ansiktsuttrykka og engasjementet. Spørsmåla til fysioterapeutane var mange, og iveren etter å prøve ut var stor. Og stavane som vart lodda ut, sponsa av Alliance apotek, gjekk til Emilie i Østfold!
Atter ein gong eit vellykka skoliosetreff!





